Hår over alt.
Eg er oppvaksen med 2 eldre søstre, og no har eg heile 4 små og store kvinnemenneske i hus. Det er kjekt å bu saman med 4 jenter. Veldig kjekt. Eg elsker dei alle som ein, der dei svinsar og svansar rundt i huset med sin vakre, feminine ynde og grasiøsitet. Men det er ein ting eg aldri heilt vert vand med. Nemleg alt håret.

Photo Source
Men dette vakre, bølgjande håret er ikkje berre å finne på hovudet til mine nydelige snupper. Det er overalt. På sofaen sjølvsagt. På tepper og golv. På innsida av steikeomnen. På nyvaska koppar og fat som kjem rett frå oppvaskmaskina. På klede som kjem rett frå vask. På tannbørsten min. Ja, til og med når eg kjøper noko nytt, ein film til dømes, så kan du banne på at det er eit hår på discen i det eg tek den ut frå coveret første gongen. Håret lev sitt eige liv, og kjem seg rundt og inn over alt!
Eg som tidlegare har følt sympati med hund- og katteeigarar som har pels og hår overalt i huset sitt. Lite visste eg at det same skulle skje meg. Det er så mykje hår her at ein skulle tru eg budde med tre headbangande høglandsfe. Korleis har det seg at dei ikkje er snaue, men at dei framleis har like mykje hår festa til skalpen? Og slik kjem det til å vere dei neste 20 åra. Heldigvis luktar håret deira godt, så eg er ikkje blitt altfor frista til å ta fram klippemaskina enda.

Photo source