
Eg blir forbanna.
Det florerar av mammapropaganda på nett, som fortel kor fantastiske desse skapningane er. Eg elskar mor mi og set pris på alt ho har gjort for meg opp gjennom åra. Og ja, eg elskar min vakre sambuar som kvar dag gjer alt ho kan for å lage det triveleg hjå oss. Men eg må sei eg byrjar å bli ein smule dritlei denne glorifiseringa av mødre i motsetnad til fedre. Gjer vi fedre ingenting?
På 50-talet var det kanskje slik at far kom heim frå jobb, og satte seg ned i godstolen med avisa medan han venta på middag. Etter middag var det tid for middagskvilen før ein satte seg framfor tv’en med ei øl i handa. Men er det nokon som driv slik fortsatt?
Likestillingen har krevd sitt. Mannfolk må stort sett gjere alt det same som kvinner gjer i heimen, sett vekk frå amminga av spedbarn. Eg håpar i alle fall ikkje at det er så mange menn som ammar. Men i tillegg har vi menn ei rekke andre oppgåver som det virkar som dei fleste damer er allergiske mot. Hente ved, sløyge fisk, bytte dekk, kverke edderkoppar, renske sluk, lista går vidare. Dagens mann skal no gjere både det som tradisjonelt sett var kvinnas oppgåver, samstundes som vi fortsatt skal gjere mannearbeidet. Vi skal vere mjuke, men harde; sensitive, men brutale.
Så kor blir det av fedrene sin skryt?